Connect with us

Ukategorisert

Problemfri russetid? Her er 10 super-tips!

russ

Russetiden er både viktig og morsom. Følger du noen noen av disse tipsene. Kan du stille bedre forbredt.

Håkon lyslo (18) frå Førde gjekk på Øyrane og var russ i vår. Her er hans tips til kva du som russ bør gjere i forkant av russetida. Til avisen Firda, gir han sine egne tisps

 

■ 1. Spar litt pengar kvar månad slik at du har litt når russetida byrjar. Alkohol og nattmat er dyrt, og du vil bruke mykje pengar på det. Dermed er det greitt å ha litt «på lager».

■ 2. Om du har mangel på pengar, så er dugnad svaret. Ein kan selje alt frå dopapir til kjeks. Når du skal selje noko, bør du selje noko som folk treng og har bruk for. Prøv også å selje noko som ikkje andre sel, slik at det ikkje blir konkurranse.

■ 3. Når det gjeld sponsorar, bør de gå innom og snakke med sjefane. Ver hyggelege og kle dykk litt skikkeleg. Det er viktig å vere tidleg ute slik at ikkje alle er tatt. Ein bør også tenke på kva ein får ut av sponsoravtalen. Pengar kjem sjølvsagt godt med, men gratis mat i russetida er endå betre.

■ 4. Ein bør kjøpe seg eit par sko som ein berre brukar i russetida. Då slepp ein å øydelegge sko ein allereie har og likar.

■ 5. Noko eg synest alle bilane før skaffe seg, er FM-sendar. Då kan alle stille seg inn på same frekvens og spele same musikk. Det skapar betre stemning, i staden for at alle spelar forskjellig musikk.

■ 6. Ikkje kjøp ein bil som treng mykje omsorg. Då blir det til at ein bryr seg for mykje om bilen og gløymer å ha det kjekt.

Det skal ikkje vere nødvendig å måtte passe på bilen heile tida. Ikkje kjøp den dyraste bilen heller, skadar kjem til å oppstå.

■ 7. Invester i eit førstehjelpsskrin til bilen. Det kjem alltid godt med.

■ 8. Når de skal finne namn, bør de finne på noko sjølv. Ikkje søk på nettet. Det treng ikkje nødvendigvis vere ordspel. Uansett kor lang tid det tar, så kom opp med noko originalt som alle likar.

■ 9. Det kan vere greitt å vere tidleg ute med namn, logo og konsept slik at det ikkje krasjar med andre sitt namn og konsept.

■ 10. Det er svært viktig at alle i gruppa er einige i ting som blir gjort slik at det ikkje blir konfliktar. Alle skal få vere med å bestemme ting og ta avgjersler, skriver avisen.

Continue Reading
Advertisement
You may also like...

More in Ukategorisert

To Top